Midt i husvasken tok eg meg ein velfortent pause og drog til Folkestad for å sjå på fotballkamp. Det var Storegut med fleire som spelte mot Hødd, og gleda var stor på heimelaget og i supportargjengen då resultatet vart heile 8 - 3 til Folkestad. Minstemann fekk låne kameraet, så illustrasjonsfotoa denne gongen er det han som er ansvarleg for.
søndag 12. mai 2013
lørdag 11. mai 2013
Bok 32 2013: "Kameleonens skygge" av Minette Walters
Charles Acland kjem heim frå Irak med hovudskadar og eit delvis vansira andlet. Han er mistenksam og aggressiv, spesielt mot kvinner, og det kjem fram at han har vore valdeleg mot eks-dama. Etter at ei rekkje drap finn stad i området vert Acland mistenkt, mykje fordi drapa er blitt utførte av nokon som er ekstremt sint. Det store spørsmålet i romanen er kor vidt Acland er skuldig eller ikkje.
Sidan eg har lese fleire av Walters' bøker med stor entusiasme, vart eg glad då eg fann ei bok eg ikkje hadde lese enno. Eg kan ikkje seie anna enn at denne skuffa meg stort, og at eg fann den relativt keisam og uinteressant frå byrjing til slutt.

fredag 10. mai 2013
Lærarlooken denne våren: martyrmine og glorie
- Hagearbeid
- Fjellturar
- Nedvask av kjøkenskap
- Husvask
- Rydding av bod
- Lese bøker
torsdag 9. mai 2013
Sollidheida (570 moh) på Himmelfartsdag
I dag tok eg fri frå retting - ein skal trass alt halde kviledagen heilag, og eg hadde jobba mykje i går og kome heim temmeleg seint i natt.
Vegen opp til Folkestadsetra var opna, men ikkje så langt opp. Det vart derfor til at vi køyrde opp på Flote-sida av setra og gjekk stien langs vatnet over til hi sida. Turmålet var Sollidheida og Galten, som var del av utsikta frå kjøkenglaset i min tidlegare heim. Ikkje akkurat himmelfart, men fint og lett å gå tur no når snøen er vekke dei fleste stader i desse fjella.

Vinklubb i mai
Onsdag hadde eg fri, slik eg oftast har om onsdagane. Eg hadde gått mykje tur tysdag, så det var for så vidt greitt å skulle drive med retting og vurdering av tentamenar, men ute skein sola og det var ein fantastisk vårdag. Kompromisset med meg sjølv vart at eg retta nokre timar på morgonen, deretter la eg meg ut i sola, lettare avkledd, og så retta eg meir etterpå. Dette var ein bunke som allereie var påbegynt, så eg fekk den ferdig før kvelden kom.
Om kvelden var det vinklubb hos ei av bygdedamene, og det var kjekt å kunne setje seg til duk og dekka bord saman med mange av bygdas kjekke damer. Vi fekk servert nydeleg kyllingsalat og pastasalat, og sjølvsagt god vin i tillegg. Min favoritt denne gongen var kanskje fjordhestvinen på kartong.

Bok 31 2013: "Skråninga" av Carl Frode Tiller
Eg har tidlegare lese "Innsirkling"-bøkene av same forfattar, og dei likte eg svært godt. Dei bøkene handlar om ein person som set inn ein annonse i avisa om at han ikkje hugsar noko frå livet sitt, og han ber folk som kjenner han om å fortelje om livet hans. "Skråninga" er skrive mykje i same stil, men med eit meir spennande og dramatisk emne. Vi møter ein hovudperson som er pasient på ein psykiatrisk institusjon, og gradvis og fragmentarisk kjem fortida hans fram gjennom at han skriv ned minne frå livet sitt. Tanken er ikkje så frykteleg original, men fortida til personen er både spennande og skremmande, noko som gjer dette til ei svært god bok.
Språkleg ser eg svært mange likskapstrekk mellom "Innsirkling"-bøkene og "Skråninga". Tiller har sin eigen repetitive skrivestil, og eg synest den er meir poetisk og verknadsfull i "Innsirkling"-bøkene enn i denne. Kanskje er det fordi "Skråninga" var debutboka, og stilen ikkje var så finslipen enno, eller så er det fordi tre bøker i ein såpass særeigen skrivestil vert i meste laget.
"Skråninga" var Tillers debutbok, og den fekk fleire prisar då den kom. Det skjønar eg godt, for den er verkeleg spennande og gripande, nesten som ein kriminalroman.

onsdag 8. mai 2013
Fuglefjell på Runde
Tysdag kveld var eg så heldig å få vere med dottera mi på skuletur. Vi var i alt 14 elevar, 8 foreldre og den beste læraren ein kunne tenkje seg som reiseleiar. Ho har nemleg ei fortid som leirskulelærar på Runde, og kjenner øya og fuglelivet svært godt frå før. Ho har dessutan god røynsle med å ta med born i fjellet, og fungerte glimrande også som sikkerheitssjef. Dette kom vel med, særleg når nokre av foreldra fekk anfall av høgdeskrekk. Denne gongen var det ikkje berre eg, for å seie det slk.
Vi var utruleg heldige med eret. Det hadde regna svært mykje måndag og natt til tysdag, men det letta og vart vindstille og med mykje sol og varme. Turen i seg sjølv var så vellukka som ein kunne håpe på, og vi fekk sjå mange fugleartar som skarv, havørn og sjølvsagt mange lundefuglar på nært hald. Lundefuglane kjem inn til berget der i 20-tida, og då var det mange turistar som hadde rigga seg til med flotte kameralinser. Folkestadbygdingane oppførte seg eksemplarisk, kosa seg og såg på fuglar. Ein del fotografering vart det òg. Veslejenta fekk låne kameraet for å ta bilete av lundefuglane, for eg har litt problem med å sjå nedetter fjellsider...
Alt i alt ein drøymedag for store og små!

mandag 6. mai 2013
Sophie's Choice
Meryl Streep var favorittskodespelaren til systera mi då vi vaks opp, og eg var ikkje heilt overtydd. I mine auge var Streep noko fargelaus og tragisk. Etter mellom anna "Hunndjevelen" og "Mama Mia" har skodespelaren synt at ho har eit komisk talent i tillegg til det tragiske.
Då "Sophie's Choice" kom på kino, var eg for ung til å sjå den. Eg trur eg må ha sett den rundt 1990 ein gong, anten på tv eller video, og eg hugsar at den gjorde inntrykk. No har eg sett den på nytt, og eg synest framleis det er ein fantastisk film. Ikkje berre på grunn av Meryl Streeps karakter, men òg på grunn av dramaturgien, og på grunn av Kevin Kline. Sørstatsguten som møter det merkelege paret i Brooklyn er ein klassikar, og eg vurderer å vise filmen i undervisninga ein gong. Først må eg berre øve meg på ikkje å hulke høgt.
søndag 5. mai 2013
Sykkeltur på søndag
Storegut var invitert i konfirmasjon i dag, så han var tidleg oppe og fekk på seg dress før kyrkjetid.
Småungane og eg sat ved frukosten og la planar for dagen. Det dei hadde lyst til, var å sykle inn til badestranda. Eg gjekk, og så testa eg ut den andre linsa til kameraet. Eg er ikkje heilt nøgd med bruken av den, for det er vanskeleg å få autofokus når ein bruker makrofunksjonen. Øving gjer kanskje meister, og eg håpar på å kunne ta nokre fine naturbilete i veka som kjem.
Vel heime frå tur lærte eg Veslejenta om peiling av olje på bil og impregnering av skor. Begge delar er nyttig kunnskap når ein skal ut på tur.
No lagar eg middag av ei pussig blanding restar; ein slags formrett som mellom anna inneheld steikte nypoteter og kjøtdeig med tacokrydder. Til dessert gjentek eg suksessen frå i går med å lage bananmilkshake av litt for mogne bananar. Storegut får sikkert fantastisk mykje god mat å velje mellom, men vi kosar oss bra vi hine òg. Frisk luft og mosjon gjer i alle fall at appetitten er på topp.

Sulten er den beste kokk
lørdag 4. mai 2013
May the fourth be with you
Ein laurdag utan planar utover det reint trivielle, og kva skjer? Minstemann spør: "skal vi gå tur i Mjeltvika?", og Gamla er altfor lett å be. I alle fall når det gjeld turgåing.
Veslejenta og Minstemann tok med syklar, medan Gamla gjekk. Turen gjekk til Mjeltvika og vidare langs sti og skogsveg til Kile. Deretter sykla dei på E39 heim, medan eg gjekk bak og åtvara dersom det kom bilar.
Storegut heldt seg heime og las til matematikktentamen, men då vi kom heim, hadde han gått ned i ballbingen for å lufte seg. Eg skjønar behovet for frisk luft - sjølv håper eg no på å klare å rette unna nokre tentamenar før kvelden.
fredag 3. mai 2013
Bok 30 2013: "Adam og Eva" av Arto Paasilinna
I denne boka møter vi ein konkursramma mann som finn opp eit batteri som kan endre energisituasjonen i verda. Han møter den alkoholiserte advokaten Eva, som hjelper han med å ta patent på oppfinninga.
Eg er stor fan av Paasilinna, men dette er den minst morosame boka eg har lese av han til no. Med unntak av den italienske leigemordaren, som er eit lyspunkt i forteljinga, saknar eg den heilsprø humoren frå dei andre bøkene eg har lese.

torsdag 2. mai 2013
Fotballsesongen i gang på Folkestad
Sidan snøen låg på fotballbana "Myrane", vart kampen i dag spelt på skuleplassen. Det gjekk heilt flott, og var stor stas for småsøskena. Jentelaget møtte eit lag frå Åheim, og det gjekk ikkje så bra for Folkestadtausene. Mødrene var bak mål, og der var kampviljen og pågangsmotet større. Vi ser allereie fram til revansj.
Opptaksprøve til musikklinja
Nokon kom heim seint onsdag kveld, etter å ha vore på tur til trondheim med fotball-laget. Gamla sat og venta på melding om å rykkje ut med bil i storm og regn, og heldigvis nådde dei 23.40-ferja så eg fekk legge meg ei stund etter midnatt.
Nokon er i dag på opptaksprøve til musikklinja på skulen der Gamla jobbar. Eg er rimeleg sikker på at han kjem inn, og eg håper verkeleg at alle dei tre gutta har gjort det bra i dag. Det blir fleire auditionar etter kvart dersom dei vil ha store roller i musikalar og denslags, så det er berre å venje seg til det.
Som kokk, vaskehjelp og privatsjåførsynest eg at Gamla fortener at nokon avlegg rapport om korleis det har gått, men det skal visst ikkje vere så lett. Kanskje Gamla skal la vere å ta telefonen seinare i kveld, når nokon vil heim frå fotballtrening?

onsdag 1. mai 2013
Bok 29 2013: "I en annen verden" av Grace McCleen
Den walisiske forfattaren vaks opp med ein familie som var medlemer av Jehovas vitne, men vart seinare utstøytt frå sekta fordi ho hadde for mange vener utanfor.
I boka "I en annen verden" møter vi ti år gamle Judith, som lever saman med faren, og som tilhøyrer Jehovas vitne. Judith blir plaga på skulen, og faren vert plaga av andre vaksne, mellom anna fordi han er streikebrytar. På rommet sitt byggjer Judith "Prydelsens land", som er ein modell av den perfekte verda. Ein dag ho gruar seg til neste skuledag, tenkjer ho at ho skal lage snø i "Prydelsens land", og at viss det snør i den verkelege verda, vil skulen bli stengd. Neste dag har det verkeleg snødd, og Judith innser at ho har utført eit mirakel. Det blir det første i ei rekkje mirakel, og vi opplever dessutan korleis Judith tek oppgjer med Gud gjennom samtalar.
Dette er ei poetisk og vakker bok om fleire viktige tema, til dømes oppvekst, det å vere annleis, mobbing og religiøsitet. Eg har allereie tipsa skulebiblioteket om at boka kan brukast til fordjupingsemne i norsk, for eg trur at mange ungdomar vil kunne finne boka interessant innanfor dei nemnde temaa. Den er dessutan lett å lese, samtidig som ein kan finne mykje spennande dersom ein les meir nøye.

1. mai 2013
I dag er det frykteleg surt vêr ute, med regn og vind og nokre få varmegrader. Storegut er med fotball-laget til Trondheim, så det er berre småungane og eg heime. Vi nytta høvet til ein tur der Gamla gjekk på beina og ungane sykla. Det blir ikkje mykje markering av arbeidardagen, og eg skulle gjerne ha gått i tog og høyrt nokre goda talar. Eg får håpe det kjem nokre gode klipp på fjernsynet i løpet av kvelden.
1. mai 2003, for ti år sidan, gjekk familien tur på fjellet Heida. Det var ein nydeleg sommardag, og eg var eit par månader gravid og skulle ha Minstemann.

Abonner på:
Innlegg (Atom)