mandag 22. april 2019

Brundalen

I dag var det siste dag i påskeferien 2019, og det vart nok ein vakker dag med sol og mild temperatur. Eg gjekk tur med mann og hundar på den nye skogsvegen frå Lisjedalen og opp til Innaforstøylen, deretter gjekk vi til Bjørnasetstøylen, ned skogsvegen og over Geildalen til Lisjedalen att. Det vart ein fin rundtur, etterfølgt av middagskvild på verandaen. Livet er ikkje så verst slike dagar!


fredag 19. april 2019

Kornbergveten

I dag var det langfredag, og Storegut stod opp tidleg for å vere i studio i Ålesund. Dei to yngste og eg tok oss ein tur til Folkestadsetra, der vi gjekk opp mot Galten/Sollidheida og Kornbergveten/Veten. Fjellet er ikkje høgt, men det er ein lang og fin tur langs ei rand av fjell som grensar mot Dalsfjorden.



torsdag 18. april 2019

Familieselskap på Hareid

I dag var det eitt år sidan pappa døydde. Eg hadde ikkje sett gravsteinen enno, så då høvde det godt å ta ein tur bortom grava saman med alle fire ungane. Det var ein fin stein, men eg sakna dei to fuglane eg meinte skulle ha stått oppå steinen. Seinare på dag samtala vi om dette rundt bordet på Hareid, og vi kom fram til at fuglane har forsvunne frå steinen ein gong i perioden desember-februar. Det heile er eit mysterium.

Hareidsgjengen hadde invitert oss på middag, og vi fekk servert nydeleg julemiddag (pinnekjøt m.m.) og dessert. Kakene hadde gjestane med, slik tradisjonen er i slekta. Alle fire borna og eitt av svigerborna på Hareid var til stades, så vi var uvanleg mange til bords denne dagen.

Tusen takk til vertskapet for ein kjekk dag med nydeleg mat og hyggeleg prat!

tirsdag 16. april 2019

Dagstur til Innvik

Vi har hatt ein prosess gåande i slekta med veslejentas oppgåve om oldemora. I dag for alle avleggarane mine, eg, Mamma, Onkel og Tante på biltur til Innvik. Vi såg på ullvarefabrikken der Mormor og fleire andre i slekta jobba, og vi var på kyrkjegarden for å sjå på graver. Fleire av "våre" gravsteinar er borte no. Ekstra bonus var det at kyrkjetenaren var i kyrkja for å lage klart til påske, og at vifekk lov til å kome inn i kyrkja for å sjå. Etterpå gjekk vi på café, før vi køyrde over Utvikfjellet til Breim, der vi fekk sjå kvar oldemora mi kom frå (Sætre). Det vart ein kjekk tur med mange inntrykk, og eg takkar alle for følgjet!












Storegut 22: Bjørnasethornet

Måndag 15. april var det bursdagen til Storegut. Han fekk bestemme program sjølv, så det vart ein liten fjelltur til Bjørnasethornet. Vi gjekk på beina i steikande sol, og det vart ein nydeleg tur.












Påskeferie 2019

Siste veka før påske var sjølvsagt travel, slik alle siste vekene før feriar er, og mot slutten av veka skreiv eg meir på masteroppgåva mi, slik at eg skulle kunne ta fri når ungane kom. Innimellom retting og masterskriving vaska og rydda eg i huset, så då søndagen kom og ungane kom heim, var huset reint og ryddig. Det varte om lag fem minutt, men det var kjekt medan det varte.


fredag 5. april 2019

Freddan

I dag sat eg frå morgonen av med ein "bunke" lydopptak frå språklaboratoriet. Elevane hadde lese ein roman og svara på 30 spørsmål til den, og på onsdag fekk dei utdelt eit ark med 12 av dei 30 spørsmåla som skulle svarast på. Elevane har arbeidd godt på førehand, og dei hadde gode og gjennomtenkte svar, så det var eigentleg ein kjekk jobb.

Etter at Minstemann kom heim, tok vi oss ein handlerunde på Eid. Guten har gått rundt i holete tøyskor denne veka, så det var på høg tid med litt shopping. Han fann eit par han likte, så då var saka klar. Etterpå gjekk han inn på ein klesbutikk og kjøpte seg to nye skjorter (han har litt av ei samling no). Eg seier at eg berre spanderer klede han treng, og då vart det til at han betalte sjølv. Han tener pengar på diverse opptredenar, og dei pengane disponerer han sjølv.

Veslejenta kom heim frå London ut på kvelden. Ho hadde fått bestemme meny sjølv, så då vart det lasagne, salat og kvitlauksbagettar. Mora var temmeleg lettbeden, spesielt når ho fekk prøve den nye forma si. Den fungerte fint, og neste gong torer eg kanskje legge osten nærare kanten. Eit godt alternativ til tacofredag!

torsdag 4. april 2019

I form

For nokre dagar sidan oppdaga eg at yndlingsforma vår, ei mørkegul, eldfast form som vi har hatt i kanskje femten år, hadde brotna sund inne i skapet. Forma har blitt flittig brukt til blant anna lasagne og nachos, og eg vart lei meg. Eg likar at ting er litt spesielle, slik som den gule fargen har vore, og forma har dessutan hatt perfekt storleik og fasong.
Den gode, gamle forma


Dei nye, blå formene 
For å snu tapet til noko positivt, tenkte eg å kjøpe meg ei ny form i merket "le creuset". Der er mange fine fargar på nettbutikken, men på butikken på Eid hadde dei berre knall lysegul og raud. Jenta bak disken kom så dragande med eit "tilbod" på eit sett med to former i blått, og den fargen likte eg godt. Dermed enda eg opp med to former, til nesten full pris. Akk ja, sånn kan det gå! Då eg målte den største forma mot den gamle brotna, var dei nesten identiske, berre at den blå var bittelitt breiare. Fasongen er dermed perfekt, og fargen er veldig fin (namnet er "ink", for dei av dykk som er spesielt interesserte). Den vesle forma kan høve som serveringsfat, eller som form til færre. Kanskje kan eg lære meg å lage mindre porsjonar når vi er få i heimen?

Skidag i Hornindal

I dag fekk Charlie vere med på jobb. Han fekk helse på mange elevar og lærarar, og hadde truleg sin beste dag på veldig lenge. Eg hadde ikkje med ski, men gjekk tur på beina i staden.

Dette er kanskje den flottaste hytta, øvst i hyttefeltet

Medlemsmøte i partiet og besøk på Anders Svor-muséet

Onsdag kveld var det medlemsmøte i Arbeidarpartiet, og vi hadde storfint besøk av Tove Lise Torve, som er partiets kandidat til vervet som fylkesordførar. Det var eit kjekt og lærerikt møte, og vi gjekk òg ein tur til Anders Svor-museet, noko som var svært interessant.Vi fekk òg gjort litt ære på vår palestinske venn som har sete i kommunestyret siste 3-4 åra, men som no skal flytte frå kommunen. Vi kjem til å sakne han!








Våren kommer nå

Etter ei helg med ein del snø vart det vår att, heldigvis. Eg er glad for alle laukar eg sette i fjor haust, for no kikar krokusane fram. Eg skal sette fleire til hausten, for det blir aldri for mykje.

tirsdag 2. april 2019

Bok 10 2019: "The Absolutely True Diary of a Part-Time Indian" av Sherman Alexie

På Vg1 engelsk skal ein lese ein roman. I år kjøpte vi inn klassesett av denne boka, og eg var spent på korleis den ville fungere. Elevane var ikkje udelt positive til å skulle lese roman i det heile, men eg sa følgjande: "eg har ein lesefart på femti sider i timen. Viss vi reknar at de har halvparten, kan vi rekne med at de klarer å lese tre timar i veka, altså om lag 75 sider." Elevane fekk altså langlekse ei veke fram i tid, deretter svara dei på spørsmål teksten så langt. Det verka det som om dei aksepterte, og dermed starta dei. Då skjedde magien: elevane vart knyststille og sat og las. Boka er ganske fengande i tematikken, og språket er ikkje så komplisert. I tillegg til forteljingar frå livet til den unge indianaren inneheld boka illustrasjonar som forfattaren har teikna.

Boka er ei typisk YA-bok, om ein ungdom som ikkje føler at han passar inn. Han skiftar skule frå reservatskulen til ein "kvit" skule, og dermed kjem han i ei identitetskrise. Boka er delvis basert på hendingar i forfattaren sitt eige liv. Eg hadde lese den ein gong før, men denne gongen las eg den grundigare, med tanke på etterarbeidet i klassen.