onsdag 9. januar 2008

Bearded collie


Tida er kanskje inne for å introdusere familiens to hundar av rasen Bearded Collie. Vi kjøpte vår første i år 2000, men den døydde av hjartefeil for tre år sidan. Vi var då snare med å kjøpe oss ein ny liten tispekvelp, og året etter vart vi "fosterfamilie" til ein hanhund som eigaren ikkje hadde plass til i kennelen sin. Vi reiser rundt på utstillingar med desse to, og først og fremst har vi mange fine turopplevingar saman med dei. Rasen er ivrig og lystig, og våre to er utruleg snille og barnevenlege, men dei hoppar opp på folk som kjem på besøk og er eit mareritt for folk som ikkje er så begeistra.

3 kommentarer:

  1. fine hondar..
    er dokke meir glad i Ariel en dei andre hondane? eller var det berre eit fint blogg-namn?
    '''''''''
    '~Olaug~'
    '''''''''

    SvarSlett
  2. Det var mest fordi det var eit fint namn, ja, for vi er no glade i dei to vi har! Det var berre så trist at Ariel skulle bli sjuk og døy så ung.

    SvarSlett
  3. Gratulerer med blogg, det var artig!

    SvarSlett