søndag 13. januar 2008

Familietreff



I og med at jula vart prega av sjukdom, vart det ikkje noko treff då. No går det mot bursdagen til nummer 3 i søskenbarnflokken på Hareid, og i dag varta Systa opp med sosakjøt og mykje anna godt for å feire han. Det er alltid godt med tradisjonell og god mat, og det er alltid kjekt å møtast. I min barndom sat søskenbarna ofte på timesvis og såg på kvarandre før vi fann tonen, og då vi hadde funne tonen, var det på tide å reise heim. Dagens yngre garde har litt lettare for å kome raskt i gang med leik og spel.

2 kommentarer:

  1. Eg beundrar 4-åringen som sit i timesvis og leikar seg i ro. Før spurde han "He dokke noke huplo". No har han lært seg r-en og snakkar "som ein prest". Duplo er framleis populært.

    SvarSlett
  2. Ja, du hugsar vel kommentaren "ho tante e veldi sterke - ho kan bere stooore kasse me duplo"

    SvarSlett