onsdag 23. januar 2008

Fridag 3: når Gubben er vekk,....



Gubben er bortreist med jobben eit par dagar, og då nytta hestane høvet til å stikke av. Vi har nemleg, som om vi ikkje hadde nok å styre med, gåande to islandshestar på garden. Dei er ikkje våre, men dei har vore her 5 - 6 år no. Unge nummer 1 er den som har styrt mest med hestane i tillegg til Gubben, men ho var sjølvsagt på skulen då det vart oppdaga at hest nummer 1 var laus. Unge nummer 2 og eg hadde eit svare strev med å få tak i hestane - den andre stakk sjølvsagt sjølvsagt av midt i prosessen - men etter to timar var hestane under kontroll. Ein dårleg start på fridagen, som elles gjekk med til å bygge trehytte, lese bøker og lage teikningar til pappaen, som (heldigvis) kjem att seint i kveld.

4 kommentarer:

  1. Eg synest teiknaren har fanga situasjonen!

    SvarSlett
  2. Ho stod i vindauga og studerte medan ho passa veslebroren. Legg merke til blomen - den er eit døme på kunstnarleg fridom.

    SvarSlett
  3. Eg vart mest fascinert at fjella-og av hestane sjølvsagt. BILDET av hestane var veldig fint, reint teknisk også. Trur de har vore heldige med det nye apparatet.

    SvarSlett
  4. Blomsten viser kjønnet på teiknaren. Hendene er teikna i verdiperspektiv. Dei skal vere viktige i handlinga! (Eg hugsar litt frå barneteikningsanalyseringa på lærarskulen...) Det med blomsten saug eg av eige bryst...

    SvarSlett