lørdag 19. januar 2008

Harpefossen


I dag var vi ein liten tur til Harpefossen, som ligg like utanfor Nordfjordeid. Vi hadde med oss ein kompis av unge nr.2, og dei hadde snøbrett. Gubben, nr. 1 og 3 hadde vanlege slalåmski, og nr. 4 og Mora hadde turski. På Harpefossen er der mange ulike løyper, så eg gjekk meg ein tur medan dei andre styra seg i bakkane. Deilig å vere ute og få ei kjensle av vinter - det har vore mykje fokus på klimaendringar denne vinteren, og vi lyt visst berre nyte årstidene medan dei enno finst.

2 kommentarer:

  1. Det er eg heilt samd i. Men Siv Jensen har enno ikkje heilt forstått...........Eg har som nyttårsforsett å gjere det vesle eg kan for miljøet,men det er vel ikkje så lett å snu på 5-øringen verken for meg eller klimaet!!!?

    SvarSlett
  2. De er spreke. Her ser vi ingen snø, og tenker dermed ikkje på ski. E har vore i byen med juniorlaget som han er oppmann på. Elles har H og eg kjøpt kle til han.

    SvarSlett