søndag 20. januar 2008

"Helle og Vera"


Eg plar tilby elevane at eg les ei og anna bok for å hjelpe dei i gang med særemna, og i år vart eg spurd om eg ville lese "Helle og Vera". Dermed vart den bok nummer to i 2008, viss eg då ikkje reknar "Boy" og "Sjur Gabriel", som eg har lese fleire gonger før. "Helle og Vera" er andre romanen til Tove Nilsen, og den er skriven i 1975- noko den ber ekstremt mykje preg av. Det store temaet i romanen er homofili, og ein får inntrykk av at den eine kvinna vel å leve med ei anna kvinne fordi menn behandlar kvinner nedlatande, respektlaust og undertrykkjande. Det heile toppar seg på slutten, då den lukkelege løysinga ser ut til å bli at dei to lesbiske kvinnene vil flytte i kollektiv saman med to homofile menn og ei aleinemor. Ei tidleg utgåve av "Friends"?

3 kommentarer:

  1. Høyrest heilt teit ut, spør du meg.
    Har lese ein del av Tove Nilsen. Likte ganske godt Skyskraperengler og Kretadøgn.
    Elles kom det ein msn frå Eirik om at eg kunne sjå nakenbilde av meg sjølv på nettet. Så fekk eg telefon frå Marit som spurde om eg hadde sendt ei slik melding til henne. Det hadde eg sjølvsagt ikkje.Ho seier det er ein trojansk hest.

    SvarSlett
  2. Ja, nakenfotografering trur eg eg ville ha hugsa. Vart litt i stuss då eg fekk 20 slike mld i dag - dei fleste frå tidlegare elevar...

    SvarSlett
  3. Fekk mail frå Elin at ho hadde fått mange meldingar frå meg......Men eg meiner eg har gratis Antivirusprogram frå Telenor, men det slepper kanskje hestane igjennom?

    SvarSlett