torsdag 21. februar 2008

Ut på tur - aldri sur?


Somme dagar hadde det vore mest freistande å trekke pleddet over seg, fyre i omnen og ikkje gå ut meir enn høgst nødvendig. Finst det noko meir utidig enn å bli skjortevåt på veg frå bilen og inn på jobb, bli våt att på veg frå det eine bygget til det andre på jobb, bli våt att på veg ut i bilen, inn i barnehagen, inn i huset, ut av huset på veg til ferja att med ballettbarn og så på veg inn i huset att? Eg fyrer med ved og irriterer meg over forstyrra TV-signal i stormen. Og slik kunne eg ha halde fram resten av kvelden, hadde det ikkje vore for to par auge som ser bedande på matmora (eg reknar i alle fall med at dei gjer det bak all pelsen). Det er berre å leite fram stillongs, overtrekksbukse, strikkakufte, regnjakke, hanskar, lue, refleksvest og hovudlykt og la det stå til. Eg vurderer svømmebriller òg, forresten.

4 kommentarer:

  1. Fekk sms frå Rasmus som var på Quality Hotel i Sarpsborg og bada i 30 graders varmt vatn. Eg svarte at her trengde vi ikkje å reise for å finne vatn, vi fekk det rett frå himmelen.Temperaturen kommenterte eg ikkje!Har forresten vandra rundt i Volda med ein defekt paraply, samt ete middag på Kinarestaurant der vi trefte sonen til Rolf på Bjørnaset.Etter at eg hadde vore på behandling.

    SvarSlett
  2. Høyrest triveleg ut med kinarestaurant! Her har vi kosa oss med pannekaker og milkshake - eller "milk-skjegg", som nummer fire seier. Atteletar litt på Gubben som skal kjøre austover i morgon.

    SvarSlett
  3. Austover? Kvar skal han?
    Elles vil vel veret komme seg igjen; det er ikkje sikkert vi er inni noka klimakrise heller, Frp har ikkje bestemt seg.Apropos så har Åse Margrethe meldt seg ut av partiet. Lurer på om det er mi skuld, eller om ho fann ut av det sjølv?

    SvarSlett
  4. Gubben skal til Arendalsområdet og kjøpe bil (Opel Vivaro). Kompisen med campingbil ville kjøre nedover for å få seg ein tur. Dei skal kjøre Dombås for å unngå stormen på Strynefjellet... Elles vart det ein kort tur i kveld - då eg kom innover til skogsvegen, kom det nokre vindrykk som nesten velta trea, virka det som. Då tenkte eg at det hadde vore typisk å få eit tre over seg berre fordi ein var ivrig trimmar, og så snudde eg. Vi har lese om Åse M i avisa i dag og er svært nysgjerrige.

    SvarSlett