fredag 15. februar 2008

Finaste dagen


Fredag vart den finaste dagen i heile ferien, og då passa det bra at Gubben tok fri. Han leverte minsten i barnehagen og tok med seg dei tre eldste på Harpefossen, medan eg vart heime med hundane og rettebunkane mine. I Nordfjord hadde dei ikkje ferie enno, så det var få andre i bakken. Dette gjorde at ungane fekk god trening, og særleg nummer tre (på biletet) hadde stor framgang og tok trekket heilt fint aleine. Hundane og eg gjekk skogsvegen til endes her heime, og så fekk vi nyte sola i om lag ein og ein halv time i hagen. Det går mot lysare tider!

2 kommentarer:

  1. Eg vart vekt av ei positiv stemme i telefonen. "Her er en herlig dag. Hvordan er det på Hareid?" Ej veit ikkje, ej he'kje stått opp endå, svara eg. Han fekk ikkje selt noko til meg. Øystein heldt senga heile dagen for første gong sidan millenniumskiftet.

    SvarSlett
  2. Like festlig som å bli "vekt" av ei morgonfrisk stemme: HALLOOOO det er Anne Lise.....og vite at det går ein halv time, minst, før ein får kledd på seg.

    SvarSlett