fredag 15. februar 2008

Dagens anekdote


Familiens yngste har fantasi. Eg har aldri sett nokon leike så intenst med bilar, båtar og tog som han, og det er ikkje få gonger eg har sete fastklemd i ei eller anna stilling fordi eg skulle fungere som bilveg. I tillegg har han ein usynleg ven som han omtalar som "kona mi". Storebroren hadde ein usynleg ven som heitte Viggo då han var i same alder, men denne "kona", som heiter Per og bur i eit blått hus, er noko for seg sjølv. I går kveld kraup guten bak sofaen i stova og samtala med "kona". Viss vi nemner noko for han og viser interesse for ekteskapet hans, blir han fornærma. Ein gong påstod han at kona var død og huset hadde brunne opp. Vel, vel, vi får håpe han veks det av seg. I dag henta eg han i barnehagen og vi var begge stille i bilen heim - mot normalt; vi plar ha ein samtale der eg må vere bilen - som altså fortel om korleis det er å stå på parkeringsplassen heile dagen. I dag sat vi altså stille, og så begynte guten plutseleg å le. Voldsomt. Lenge. Eg måtte le med, for det var ein herleg latter, og så spurde eg kva det var som var så morosamt. "Det var kona mi," sa nummer 4. "Han fortalde at det var to tomatar som gjekk over ein veg!"

4 kommentarer:

  1. Viss det er sant at ein god latter forlenger livet, så la eg til eit par ti-år no. Lo så tårene rann!Han er så god! Men eg har aldri høyrt om "Kona mi -Per" før.Og den tomatvitsen er like morosam i
    3.generasjon, minst.( Ketchupen kom til Norge på slutten av 50-talet!)

    SvarSlett
  2. Eg trudde eg hadde fortalt om kona før? Han bruker blant anna eggeplomme i blomkålsuppa, har minsten fortalt, så det er ei skikkeleg kone.

    SvarSlett
  3. De er visst kåra verdas mest morosame vits. For vaksne må den vere på engelsk!
    Tydeleg at guten har hatt ein kjekk dag!

    SvarSlett
  4. Artig alder! Henning har også mykje fantasi og rollespel føre seg for tida. Men vitsar er han ikkje klar for enno.

    SvarSlett