søndag 17. februar 2008

Stifunn


Laurdag skulle vi gjere nytte for oss. Det går ei rås ovanfor markane her i bygda, og den skal teoretisk sett føre til skogsvegen som går til dei gamle setrane i Brundalen. Vi har lenge hatt ein plan (dei fleste planane våre ER langsiktige) om å rydde råsa innover for småskog og velta tre, og laurdag tok vi oss ei tutle med motorsag og fem velvillige born på slep. Vi rydda eit godt stykke av råsa, men dessverre er det ein tett granskog over ein av gardane, og der er det umogleg å kome seg fram anna enn til fots. Planen var å kunne ri innover, men det blir visst eit anna år. Det òg.

1 kommentar:

  1. Det var i alle fall eit fint bilde. Eg elskar å gå i skogen før det kjem lauv på trea, for då ser ein så mykje som ein ikkje legg merke til elles.Ein kan ikkje ha så altfor ambisiøse planar om alt ein skal gjere, det viktigaste er å få vere ute i naturen!Eg vart dessverre litt for gammal før eg fekk denne trangen.

    SvarSlett