fredag 22. februar 2008

Nevø 2 18 år!



Gratulerer så mykje til nevø nummer 2 på Hareid, som er 18 år i dag! Det er ein av dei store merkedagane i livet, og vi håpar han har ein fin dag. Eg hugsar godt den dagen han vart fødd, for svigers kom til Kristiansand og fortalde oss det då dei kom inn på flyplassen. Eg var snar å finne ein telefonkiosk og ringde Ørsta. Nokre dagar etter kom det bilete av vedunderet i posten. Faktisk fekk eg ikkje sett den nye nevøen før han var seks veker, og det var eit stort sakn.

2 kommentarer:

  1. Ja, slik var det den gongen. Hadde det vore i dag, med mobil og data, hadde du vel fått melding om fødselen før har var over!Eg hugsar kor det pøsregna den dagen.Eg passa nr.1. Vi var til Vik og kjøpte bamse og tok taxi heim att.Og den nyfødde var berre heilt nydelig, og sov og sov!

    SvarSlett
  2. Det er sikkert utenkjeleg å vere student utan mobil i dag, ja, og ein hadde vel fått bilete direkte på mobil eller på e-post same dagen, i staden for å vente på framkalling og postgang. Eg hugsar best at eg sprang frå dei nyleg landa gjestene for å ringe dykk.

    SvarSlett