tirsdag 12. februar 2008

China in London



Eg har vore mykje rundt Leicester Square og Piccadilly Circus på tidlegare Londonturar, men eg kan ikkje hugse å ha sett Chinatown. Det vart derfor prioritert denne gongen, så dermed fekk vi med oss nyttårsparade og konsertar i området rundt Chinatown og Trafalgar Square. Det var enda meir folk enn det vanlegvis er i området, og det verka som om etniske kinesarar hadde valfarta frå fleire stader for å feire det nye rotteåret.

4 kommentarer:

  1. Sanneleg imponerande å få med seg så mykje kultur opp i all shoppinga, seier no eg. Har fått overraskande lite info om butikkane i Oxford og Regent street på denne bloggen til no. Det kan faktisk verke som om denne dameturen har vore ei KULTURELL og FAGLEG relatert reise, i motsetnad til vår (fotball, souvenirar, burgermat o l). Øyst.

    SvarSlett
  2. Kunsten er å vere kulturelle tidleg på dag og så shoppe etterpå. Nummer 1 og eg planlegg å reise til neste år, og då blir det sikkert eit tilpassa opplegg.

    SvarSlett
  3. Barnebarnet til Hilde Rebbestad
    (75 år) inviterte mormora med seg på backpacker-tur til Colombia. Eg berre nemner det.

    SvarSlett
  4. Ymtar du om at du vil følgje eldstejenta til London neste år? Eller skal vi reise tre generasjonar? Skulle blitt noko verking både her og der då, ja....

    SvarSlett