fredag 15. februar 2008

Valentine's Day


Morsdag og Valentinsdag - er det berre eit triks frå handelsstanden for å flå oss for meir pengar til unyttige gåver og blomar? For 20 år sidan hadde eg sikkert hevda det høglydt, men eg må innrømme at vakre roser og god sjokolade er hyggeleg uansett kva kapitalistiske sleipingar som har gjeve Gubben idéen. I forseinka morsdagsgåve kom han med eit par nye fjellskor, noko eg verkeleg trengde (dei gamle gjekk i oppløysing like etter jul) men som eg ikkje hadde teke meg råd til no (eg har trass alt brukt ein del pengar på meg sjølv siste tida). Skorne var akkurat passelege, høge og stive over ankelen slik eg likar og gir ingen gnagsår nokon stad. Siste par åra har det hagla med gåver som skritt-teljar, overtrekksbukse, superundertøy, magebelte til lufting av hund m.m. Eg har mobba han ein del for desse tydelege hinta om kva han synest eg bør gjere meir av, men denne gongen vart eg faktisk glad. Særleg når skorne kom i tillegg til roser og sjokolade.

6 kommentarer:

  1. Kanskje eg og skal reise vekk nokre dagar slik at eg kan bli sett pris på når eg kjem heim.
    Dessverre står dei to raude julestjernene like fine enno, men eg må vel ha dei ut til påske?Neste år skal eg kjøpe kvite!

    SvarSlett
  2. Apropos handelsstanden: Neste laurdag arrangerer ulsteinviksentra gratis bussturar for ørstingar og voldingar som vil shoppe i Ulsteinvik. "Alle" vil ha søndagsope 24.februar.
    Kvar skal det ende?
    (Fotballgruppa har visst planar for meg).

    SvarSlett
  3. Det merkelege er at alle trur at nabobygdisane vil valfarte til deira heimbygd/by for å handle og dermed føre til auka kundekrets... Mi meining er at Ulsteinvik har mest å hente med alle butikkane sine, men at det blir studentvalfarting til Volda.

    SvarSlett
  4. Eg trur også det vert meir pendling med studentane utan at det treng å vere så positivt, for studentlivet, meiner eg. Ørsta vert kanskje hanlebygda. Der har du flest butikkar for alle grupper. Men kanskje dei der inne meiner det er best i Ulsteinvik?

    SvarSlett
  5. Ørsta blir litt utanfor allfarveg, kanskje. Dessutan er det fleire butikkar i Ulsteinvik - fleire interessante, i alle fall.

    SvarSlett
  6. Ørsta blir ikkje utanfor alfarveg! Med fleire store butikkar nær flyplass og tunnelopning. Dei som vil handle i sentrum kan ev. køyre av vegen og inn på gamlevegen ved Selbervika.Men skal vi ikkje snart finne ein annan hobby enn shopping?(Eg må innrømme at eg godt kan tenkje meg ein shoppingtur til byen dvs.Ulsteinvik.)

    SvarSlett