mandag 2. juni 2008

Fest og moro


Då Gubben vart 40 for snart tre år sidan, hadde vi stor fest på den nedlagde skulen i bygda. Eg heldt ein tale for han som folk snakkar om enno - inkludert Gubben sjølv. Og til eventuelle konfirmasjonsgjestar der ute: eg var ikkje plagsomt rørt DEN gongen. Då eg sjølv skulle feire den komande dagen min sist laurdag, pysa Gubben ut og let ein musikarkompis synge ein song til meg i staden for å tale. Songen var "Den finaste eg veit", originalt med Hellbillies. Elles var det mange trivelege folk (ca 70), mykje god mat frå venninner rundt omkring og flotte presangar. MEN NO ER DET SLUTT PÅ FEST OG MORO HER PÅ GARDEN! Med dåp, konfirmasjon og 40-årsfeiring + to barneselskap i løpet av litt over to månader skal vi no kule heilt ned og prøve å ete opp alle restane i frysaren. Så får vi håpe at andre tek opp tråden og organiserer noko - naboen ved sjøen kom forresten med invitasjon til 50-årsdag den 14. i dag, og det gler vi oss til!

5 kommentarer:

  1. Blei litt nysgjerrig på den songen, kan ikkje hugse at eg har høyrt den, så no måtte eg inn på You tube....Det var no ei fin "tale" !Men han kunne vel sunge den sjølv?
    Synest det er litt dramatisk at det skal bli slutt på all fest og MORO der på garden, men det tek seg vel opp att?

    SvarSlett
  2. Du skal ikkje sjå vekk frå at det blir nye festlegheiter, nei, men vi må ha ein pause! Songen er ein av mine Hellbilliesfavorittar, så det gjekk bra. Trommisen hadde forresten sett føre seg at eg skulle kome hoppande opp på scena og omfamne songaren i staden for Gubben. I og med at songaren song på vegner av Gubben, altså. Eg gjorde ikkje det, men det skulle ha tatt seg ut!

    SvarSlett
  3. På 50-årsdagen din syng han vel sjølv for å få den ønska reaksjonen?

    SvarSlett
  4. Eller så kan eg synge den til han på hans 50-årsdag? Som ein grusom hevn?

    SvarSlett