lørdag 20. september 2008

Autumn leaves start to fall



Etter ei hektisk veke på tur følgde ei hektisk veke på jobb. Fritida denne veka har gått med til jobbing og atter jobbing. Frionsdagen min vart delvis spolert av eit viktig møte på jobb (og eg nytta høvet til å besøke Besta og Besten, som måtte vere barnevakt). Då fredag ettermiddag kom, gjekk eg meg ein tur med Bianca, for første gong sidan eg kom att. I dag gjekk ho og eg ein lang tur i skogsvegen før eg sette meg til med skulearbeidet. Det er nydeleg temperatur ute, og etter kvart skein det opp og vart som ein sommardag. I skogsvegen var det eit yrande liv med høge pip frå ein flokk dompap-hoer. Eg likar hausten. Det er noko med den klare lufta og dei vakre fargane, noko med den litt melankolske og innovervende stemninga. Dette er tida for godt innearbeid, pledd og koppar med te. I fjor regna hausten bort, men i år har vi hatt mange bonusdagar som kortar ned på den mørke førjulsvinteren. Medan eg har vore oppteken med mitt har dei andre måla leikarhytte (Gubbe og Nummer 3), spelt fotballkamp (Nummer 2), vaska hus (Nummer 1), ridd på hest (diverse barn), klipt plen (Nummer 2), sykla på tur (Nummer 2), gått på tur (3 og 4), leika i sanddungen (3 og 4). Ingen ville bli med meg på langtur utanom Bianca, som aldri seier nei til å springe laus i skogen. Kan hende blir det ein familietur i morgon - dersom veret held seg enda ei dag til.

2 kommentarer:

  1. I dag hadde vi ei stund med full sol og sommarvarme slik at vi sat ute.Men så skya det over. I morgon reiser vi vidare-men ikkje beine vegen heim. I dag kjem foreldra til W. til middag, så eg er eigentleg opp i 2.etasje for å kle meg om. Tablettane som eg fekk no sist virkar veldig bra!!!

    SvarSlett
  2. Flott!
    Vi har vore på konsert i dag. To korps spelte saman. Organisten frå Kilsfjord kyrkje var ein av dirigentane.

    SvarSlett