mandag 29. september 2008

Bok 33: "B for Bedrag" av Sue Grafton


Ein gong snubla eg over ei bok med tittelen "N for Nemesis". Den var spennande, og eg bestemte meg for å lese fleire av alfabetbøkene til Sue Grafton. Den lokale bokhandelen hadde nokre, og no har eg bestilt fleire på nettet (på engelsk, rett nok). A-boka har eg ikkje fått enno, så eg tjuvstarta på B. Den var ikkje noko særleg - altfor mange personar med lange skildringar av interiør og utsjånad, altfor mykje som aldri fekk noko å seie for løysinga og eigentleg ei tynn og kjedeleg historie. Håper resten av alfabetet blir betre.

1 kommentar:

  1. Høyrerst ikkje ut som ei eventuell lydbok i alle fall. No les eg engelsk krim, men er spent på om dei har fått inn noko nytt på biblio når eg skal ned i morgon etter trening.
    Ein ting er eg i alle fall sikker på:Det er best å lese bøker utan for mange avbrot.

    SvarSlett