Så vart det ikkje familietur i dag heller. Eldstejenta ville heller lese bok og ri, Nummer 2, 3 og 4 leika og hoppa på trampoline. Det var så nydeleg ver at eg berre kika opp i fjellsidene, men ungane treng å få leike fritt og kose seg i heimen òg. Sjølv sneik eg meg til å klippe ein plen (det næraste eg kom tur i ulendt terreng), og Gubben hadde nok å gjere med å børste Bianca. Medan han laga middag, gjekk eg ei
Medan dette blogginnlegget vart skrive, laga eldstejenta brownies - til stor glede for resten av familien. Ho hadde planar om å ha med restar på skulen, men det vart ingen restar denne gongen heller.
Her har vi ikkje hatt vilt i dag, men nydelig lapskaus av ein tam okse+++++
SvarSlettDet er viktig å kose seg og ladde batteria med ein fredelig dag.
Ungane har det vel så travelt i vekene at dei også treng "time-out". Vi hadde steikte kotelettar til middag, lagt lagvis i ei form med gulrøter, poteter og tomat på boks. Eg gløymde løk, kvitløk og chili passar også, men ikkje før konsert.
SvarSlettJournalisten skulle dekke Hødd-kampen for smp og VG, trur eg.
På bilda ser eg at nr.1 har arva håret til mora .Det er tradisjon her i slekta å få meir og mindre krøllar i 12-14-årsalderen.
SvarSlettHadde tenkt å kjøpe den Indiana Jones-filmen som nr.4 mangla, men hadde inga aning om tittelen.Guten ser skikkelig tøff ut i "kostymet" sitt!