fredag 19. september 2008

"Fange i Ravensbrück" av Lise Børsum (bok 30)


Før den aktive fredsreisa las eg det meste av denne sjølvbiografien, og no har eg lese resten òg. Det er interessant å lese sanne historier, og denne boka ber i tillegg preg av å ha blitt skrive like etter krigen. Børsum var av dei som overlevde fangelivet, men ho fekk seinare problem med å leve det tidlegare overklasselivet som ho hadde vore van til. Dette fortel dottera om i eit føreord, medan boka sluttar meir positivt. Dottera ber ikkje nag til mora, men forsvarar at det var vanskeleg å skulle leve saman med mann og barn etter å ha opplevd den audmjukande frårøvinga av menneskeverd.

4 kommentarer:

  1. Eig du boka, kunne eg godt tenke meg å låne henne!

    SvarSlett
  2. Dessverre - denne lånte eg på biblioteket..

    SvarSlett
  3. Går ut frå at den ikkje finst som lydbok?
    Å gå tilbake til eit"vanleg" liv etter slike opplevingar, måtte vere enormt vanskelig. Det seier seg sjølv. Sikkert vanskelig for resten av familien å få att ei så forandra mor også.
    mamma

    SvarSlett
  4. Eg får høyre på biblioteket her!

    SvarSlett