torsdag 25. september 2008

Gripande historie: "Angitt av mamma" av Oddvar Schølberg (31)


Denne boka er ein biografi som handlar om tidsvitnet vårt frå Polenturen, Maria Gabrielsen. Vi får høyre om livet hennar frå tidleg barndom i Wien med austerriksk mor og jødisk far og fram til i dag. Historia presenterer ei nesten ufatteleg egoistisk mor som sender mannen til Auschwitz for å kunne gifte seg med sin nye flamme, og som til og med angir dei sju borna sine så dei blir sende til Theresienstadt. Alle borna overlever utruleg nok, og etter krigen vitnar dei eldste mot mora i ei rettssak. Ti år seinare søkjer den same mora om krigserstatting fordi mannen vart send i konsentrasjonsleir, men ho får avslag fordi ho sjølv medverka til dette. Dette er ei av dei mest dramatiske barndomsskildringane eg har lese, men boka er ikkje så godt skriva. Stoffet er ikkje ryddig nok disponert, så ein får inntrykk av å lese det same fleire gongar. Ein hoppar litt i tid, så mykje av spenninga forsvinn. Likevel må det seiast at boka er lettlesa og fengande. Mot slutten får ein høyre meir om Theresienstadt og om krigsoppgjeret i Austerrike.

4 kommentarer:

  1. Dette kunne nok blitt ei enda betre bok om personen som fortel hadde fått ein fagmann/-kvinne til å skrive for seg. Språk og disposisjon betyr mykje.Ein kan vel ikkje vente at slike bøker blir produsert som lydbøker i alle fall. Men det hadde vore utruleg interessant å lese.Er det ingen grenser kva menneske kan få seg til å gjere????

    SvarSlett
  2. Schølberg skal vel vere ein slags fagmann, men boka er springande, som om han har halde seg for mykje til samtalen med Maria.

    SvarSlett
  3. Krig får vel fram det beste eller det verste i folk. Det naturlege er å slåst for borna med nebb og klør. Men det finst vel folk, psykopatar vil eg seie, som kun ser på andre om dei kan vere til nytte for seg sjølv. Har dottera noko forklaring?

    SvarSlett
  4. Dottera si framstilling ber preg av at ho var svært lita då det skjedde, men ho meiner at mora var ond. Det var ganske så sterkt å høyre henne "live" - då sa ho mellom anna at ho hatar mora enno.

    SvarSlett