onsdag 24. september 2008

Heime-onsdag



Sola skin i dag òg, og då er det ekstra kjekt å ha fri. Sidan vi bur oppunder fjell, manglar vi sol på føremiddagen. Då passar det godt å gå ein tur i skogsvegen, der sola kjem mykje tidlegare. Vi gløymde minnebrikka til kameraet i dag, så jakta på haustmotiv vart litt mislukka. Haustfargane har ikkje kome så veldig langt her i lavlandet enno. Vel heime hadde sola kome, og etter ein runde i hagen kunne vi kose oss med Althansplommer, som ikkje har modna før no siste dagane. Elles har dagen gått med til skulearbeid, klesvask og anna husarbeid som har hopa seg opp sidan helga, men eg må innrømme at eg lagar meg ein del ærend ut...

Eg legg til eit avsnitt i kveldinga om at Nummer 2 og eg tok oss ein tur bygda til endes med ei loddbok. Det tok om lag to timar å gå innom alle husa - mykje fordi Guten måtte forklare kven han var til ein del naboar som ikkje kjende han att. Kanskje har han forandra seg mykje siste året, eller så var det lua til veslebroren som gjorde at han vart så framand. Vel heime vart vi "himla" svoltne, så då laga vi oss kløyvde potatisar, noko som smakte fortreffeleg!

2 kommentarer:

  1. Det går sikkert an å lage kløyvde poteter av større poteter også, for den vesle posen varer nok ikkje så lenge.Kjekt at de seg pris på slike trivielle ting.

    SvarSlett
  2. Etter nokre timar med frisk luft er det ikkje noko å seie på matlysta!

    SvarSlett