tirsdag 16. september 2008

Oppsummering


Organisasjonar som Aktive fredsreiser og tilsvarande er blitt kritiserte for å vere altfor kommersielle. Personleg vel eg å sjå bort frå slik kritikk og heller fokusere på den læringa som går føre seg på ein slik tur som det vi var på. Heile spekteret av kjensler er blitt utfordra gjennom det varierte opplegget; vi har dansa, ete nydeleg og mindre god mat, vi har stått i kø, sett vakre bygningar, shoppa og sjølvsagt gråte og levd oss inn i historia på ein unik måte. I tillegg har vi hatt ei heil veke saman, og det i seg sjølv blir eit minne for livet. Eldstejenta og klassekameratane hennar oppførte seg eksemplarisk, og vi vaksne fekk òg god kontakt oss imellom. Eg lar det vakre biletet frå "Tårenes sjø" i Ravensbrück avslutte reiserapporten (nye lesarar må blade seg nedover "eldre innlegg" for å få med alt). Vi skal kanskje kunne tilgi, men vi må ikkje gløyme det som har hendt. Vi må heller ikkje gløyme at grusomheiter skjer dagleg mange stader i verda både i krigs- og fredstid. Har dette vore ei sterk og opprivande oppleving for ungane, så er det eit sunnheitsteikn.

2 kommentarer:

  1. Her var det mange kloke ord.
    Med så sterke inntrykk som besøka i leirane var,MÅTTE det vere noko kjekt innimellom. Eg er glad for at de hadde ein fin tur, med opplevingar som manar til ettertanke.Dessverre har det skjedd og skjer det framleis grusomme ting i verda som vi ikkje kan oversjå.Det er berre det at ein kjenner seg så makteslaus.Men vi kan i alle fall la vere å praktisere rasisme i vårt eige miljø-som ein liten begynnelse.
    Eg synest at mange som deltek i politiske debattar t.d. er svært historielause.

    SvarSlett
  2. Interessant å lese om heile turen. "Våre elevar" reiser med same selskap neste veke. Det er mykj ein kan kommentere.
    Eg trur dei har eit bra konsept. Det må vere noko avkobling innimellom alt alvoret. Men ein treng ikkje sende med ungdomane så mykje pengar at shopping kjem i sentrum.

    "Tilgivelse er en bestemmelse, ikke en følelse", for å sitere ein kjend amerikansk psykolog - på bokmål. Å tilgje er kanskje noko ein gjer for sin eigen del.
    Elevane "mine" er klare på at dei skal lære av historia. Så får vi filosofere litt over kva tilgjeving er.

    SvarSlett