onsdag 15. oktober 2008

Dagens vesle lysglimt

Ungane er inne i ein periode der dei "peprar" meg med brev (inspirert av den eldste, sjølvsagt). I dag var det Minstemann sin tur, men han måtte ha hjelp av Nummer 3 til skrivinga. Noko må ein no ha gjort rett når ein får slike meldingar, men kva med setninga: "ei vil bu me dei for altid"?

3 kommentarer:

  1. Eg hugsar best då eldstemann tenkte på det same. Han kom fram til at han og Martine skulle bu på Holstad, ca 500 m. frå husa til foreldra. Ja, ja, berre vent,tida går fort! Men ta vare på lappen!

    SvarSlett
  2. Eg trur eg ville ramma inn brevet og hengt det over senga mi!
    Men vi får håpe han ikkje gjer alvor av å bli buande heime ....for alltid! ?

    SvarSlett
  3. Er det ikkje om Maria det står at ho "gøymde det i hjarta sitt"? Ein får prøve på det.

    SvarSlett