søndag 26. oktober 2008

Storebror 44


Blant minna frå barn- og ungdom er ein episode der Storebror og eg skulle på kino ilag. Alt var vel og bra heilt til vi kom til kinoen, og han møtte nokre kompisar. Enden på visa var at eg sat aleine på rad 8 medan gutta boys sat på rad 13. Eit anna minne er at vi brukte kome heim seint i helgane, og at vi alltid måtte ete eit solid måltid før vi la oss - ein skikk bror min har halde på, forresten. Ein gong åt vi nesten ein heil råmjølkspudding til nattmat. Broren min introduserte meg for ny musikk, og han lærekjørte med meg. Etter kvart møtte han Svigerinna, som straks sklei inn som eit nytt medlem i slekta. No bur dei på Kongsberg med dei to gutane sine, og dørene der har alltid vore opne for besøk herifrå. Siste åra har vi dessutan feriert ein del ilag, noko som gir eit godt høve til å halde kontakten ved like både for store og små. Vi helsar til gjengen på Kongsberg og planlegg kake for å markere dagen!

1 kommentar:

  1. Grov litt i frysaren her også, og fann litt eplekake som vi åt med dårleg samvit, mens vi snakka med bursdagsbarnet i telefonen. Dei venta berre den aller nærmaste familien der nede til kaffi,men blir no 10 rundt bordet!

    SvarSlett