lørdag 29. november 2008

Vel overstått 5-årsfeiring







Minstemann har hatt bursdag og blitt feira litt sporadisk i år, men i dag var det skikkelig barneselskap. På grunn av ein vekkreist og to sjuke gjestar vart dei berre ni til bords, og nokre av dei som stilte som gjestar var i største laget (Eldstejenta, til dømes). Elles var det koseleg med tre mødrer på besøk òg. Nummer 2 er på overnattingstur i kyrkja denne helga, men storesystrene stilte opp og laga skattejakt for dei minste. Selskapet gjekk fredeleg føre seg - heilt annleis enn dei vårlege uteselskapa vi har hatt flest av.

4 kommentarer:

  1. Bursdagsbarnet ser i alle fall strålande ut!Kanskje like kjekt med få gjestar når ein må vere inne?

    SvarSlett
  2. Her er det i alle fall lite ein ser til naboane vinterstid. I går var det tenning av julegran, og eg snakka med fleire eg ikkje har snakka med sidan i sommar. Så det er kanskje meir kjærkome å treffast no!

    SvarSlett
  3. Hugsar ein haust eg tok farvel med Ragna Riise opp i handa og sa:Vi sjåast att til våren! Mannfolka derimot har det sosialt når dei mokar snø.Det er derfor det tek slik tid.

    SvarSlett
  4. Kjekt å vere ferjependlar - då er ein sosial heile året.

    SvarSlett