onsdag 10. desember 2008

Kakebakst


På frionsdagen min denne veka slo eg til med å fullføre lesing av den første heildagsprøvebunken; den som eg retta i helga og vurderte saman med ein kollega halve tysdag. Dei tre yngste gjekk på sjølvstyr ute i mellomtida, noko den eine hesten også gjorde. Middagen stod klar då Eldstejenta kom heim, og så heiv eg meg rundt og laga ein kakedeig som ungane kasta seg over med liv og lyst. Det er ikkje det at Serinakaker er så himla godt, men det er så kjekt å lage! Eldstejenta trilla kuler, Nummer 2 trykte med gaffel, Nummer 3 pensla og Minstemann strødde på perlesukker (rosa, viste det seg). Nøtter eller mandlar er det berre eit par av dei som likar, så det droppar vi alltid. Etter kalenderen burde all juleførebuing utsetjast til romjula, for då har eg nokre ledige dagar.

3 kommentarer:

  1. Dette såg koselig ut.Skulle hatt nokre små hjelparar, så hadde det kanskje blitt baka meir her også

    SvarSlett
  2. God ide at dei minste får bake serinakake, enkelt og greitt, slepp å hjelpe til med utbaking etc. Ser på bloggen din at det går i eit "hattefok" hjå dykk, og at Besta er litt bekymra. Sikkert ikkje så mykje fred å få med 4 born i huset, så ein kan like godt gjere eit kvart, dessutan er du no framleis "i din beste alder". Såg ein stad at A.K. Elstad les ei bok i veka, så då manglar du berre 10.
    Eidabesta

    SvarSlett
  3. Ja, eg veit at eg ligg an til å lese ei bok per veke - det har vel vore eit mål, på same måte som eg tel skritt for å greie eit gjennomsnitt på 10000 for dag. Nokre vil seie "stress" - eg synest det gir ein slags orden i tilveret.

    SvarSlett