tirsdag 9. desember 2008

"Kurtby" vart bok nummer 43 i 2008


Det er ikkje noko nytt at eg likar bøkene til Erlend Loe. Favoritten er "L", som eg hørte på lydbok - eit live-opptak frå Studentersamfunnet i Trondheim. Elles likar eg sjølvsagt "Doppler", "Naiv.Super" og "Tatt av kvinnen". Det er noko med humoren og skrivestilen til Loe som sjarmerer meg, men òg at han tek opp svært alvorlege tema på ein underhaldande og lettlesen måte. Kurt-bøkene fekk eg presentert av ein elev som hadde særemne om dei tre første i 2003. Bokrapportane hans var så spennande at eg berre måtte lese bøkene sjølv, og eg vart straks fenga.

Den nyaste boka kjøpte eg for ei tid sidan og begynte å lese den høgt til borna, men så vart det til at dei to eldste las den på eiga hand før det igjen vart min tur i dag. Boka tek eit kraftig oppgjer med fanatisk kristne generelt, og visse typar religiøse sekter spesielt. Kurt og familien kjører seg vill på veg til Stockholm, og endar opp i den vesle byen Kurtby, der Kurt blir ny pastor. Eg kostar på meg ein liten smakebit frå side 53, der Kurts kone Anne Lise kjem i krangel med Kirsti brud:

"Dere andre må gjerne døpe dere, sier Anne Lise, men jeg velger å ta sjansen på helvete. Sånn er jeg.
Du skal passe deg litt, sier Kirsti. For konene til de tidligere pastorene våre har hatt en lei tendens til å skli i badekaret og slå hodet sitt dødelig hardt mot blandebatteriet."

Eg likte boka godt, men noko barnebok er det strengt tatt ikkje.

4 kommentarer:

  1. Eg har lese at den kan lesast på to plan, eitt for barn og eitt for vaksne?
    Eg storkosa med med Doppler for ikkje så lenge sidan. Loe må vere best som lydbok!

    SvarSlett
  2. Når EL les sjølv får i alle fall bøkene ein ekstra dimensjon for meg.Av dei eg har lese, likte eg Doppler best.Kurtby er ukjent stoff for meg-men likheita med Knutby er neppe tilfeldig?

    SvarSlett
  3. Nei, langt frå tilfeldig. Dei fleste gode barnebøker kan lesast av både barn og vaksne, men mykje av stoffet i denne var direkte upassande for barn - særleg alt pratet om at ein kom til helvete eller vart "rydja ut" viss ein ikkje passa inn (Kurt begynner å snakke nynorsk i løpet av boka). Men for store barn kan det sjølvsagt vere mykje morosamt. Nummer 2 er 11 år, og det fungerte greitt.

    SvarSlett
  4. No les eg ei bok av Jostein Gårder, der den eine hovudpersonen oppheld seg i Solund, på Kolgrov, og går og handlar på Eides landhandel. Boka heiter Slottet i Pyreneene.Skal skrive meir om den når eg har lese den ut.

    SvarSlett