fredag 12. desember 2008

Premièrefest




I dag var det den store dagen for Veslejenta: ny première i Nøtteknekkaren! For tredje år på rad kom tre innleigde dansarar frå Praha og sette opp stykket saman med den lokale ballettskulen, der våre tre eldste er elevar, men berre Nummer 3 er med på klassisk. Resten av gjengen hadde billettar til den store framsyninga, som forresten gjekk heilt flott for alle dansarane, og etterpå gjekk vi på kinarestaurant og feira. Kinarestauranten i Ørsta har betre mat enn den i Volda, synest eg, og interiøret er mildt sagt fascinerande. No er der julepynta, til alt overmål, og ungane synest der er fantastisk.

4 kommentarer:

  1. Gratulerer til Veslejenta og resten av familien. Skulle gjerne vore der, men eg er inne i ei "sittefri" periode, for å seie det slik.Eg likar også godt kinamaten i Ørsta, og som du seier interiøret er fascinerande,særleg for dei heilt unge.Vi hadde jo med oss heile gjengen dit og feira sist vår/sommar.

    SvarSlett
  2. Er ser at Indiana Jones var med, får håpe at han ikkje rapa ved bordet, for det påstår junior at han gjer!Indiana altså!

    SvarSlett
  3. Alle oppførte seg heilt glimrande, og maten var god. Dei to yngste valde den kjende kinesiske retten "kylling og chips", medan vi hine valde to gode rettar og tjuvsmakte med kvarandre. Kjempekoseleg!

    SvarSlett
  4. Framsteg for Indiana, sist ville han berre ha chips.Grunnen til at vi går der så sjelden, er at det er kjekkare å vere fleire i lag.

    SvarSlett