onsdag 7. januar 2009

1 år med blogg



Årets første fri-onsdag kom med nysnø på bakken og sol i fjella (vi er utan sol her i ein månad til). Dei to største nabogutane og mine tre yngste har vore ute og leika, aka og herja på i snøen, og sjølv har eg vore ute såpass at eg fekk meg ein tur på sparkstøtting med Minstemann og ein hund (den andre hunden får ein lengre tur til kvelden). Og så er det mykje å passe på når snøen kjem; småfuglar og hestar finn seg ikkje mat, til dømes.

I dag er det eitt år sidan eg oppretta denne bloggen, og eg veit at nokre eg kjenner og slekta no kan følgje med i kva som skjer i livet til familien her. Samanlikna med andre bloggar som eg les, er her lite motestoff og utstilling av handarbeidsprodukt, og så legg eg sikkert ut altfor mange bilete av familien. Poenget må vere at ein gir bloggen sin eit personleg preg, men at ein ikkje blir altfor privat. Sjangeren minner mykje om "julebrev", som eg ikkje skreiv til denne jula. Det får vere grenser for å påtvinge folk informasjon...

8 kommentarer:

  1. Ja, eg kom i eit lite dilemma då eg skulle skrive julebrev, men eg sende ikkje til dei som eg VEIT les bloggen min.Skulle ønske dette snøveret kunne vare, men det kjem vel regn?

    SvarSlett
  2. Gratulerer med 1-årsdagen! Eg skreiv heller ikkje julebrev i år. Faktisk ikkje kort heller... Men du sendte no ut fint familiebilde, så det må no halde! Eg er ikkje tilhengar av detaljerte (side opp og side ned) julebrev som liknar meir på ei årsmelding. Synest ikkje det er så spanande å lese i desember om kva folk gjorde i påska. Men no er eg kanskje litt stygg???

    SvarSlett
  3. Eg er mest nysgjerrig på kva ungdommane slår inn på! Vi skriv til onklar og tanter og dei vi får frå. Dei fleste veit om bloggen no. Elles så er eg ikkje redd for å legge ut bilde. Kjem du inn på andre, som du ikkje kjenner, sine liknande bilde, synest du det er uinteressant. Sjukdomar (minus influensa og forkjølese) og konfliktar synest eg ein kan halde utanfor.

    SvarSlett
  4. Gratulerer så mykje med 1årsdagen (her skulle sikkert vore bindestrek...)!
    Eg er inne på nokre amerikanske quiltebloggar der det er side opp og side ned om personlege ting pluss religiøse ting, men politikk er utruleg nok ganske fråverande.Det er no opp til folk å gjere som dei vil, og lese eller la vere å lese. Eg likar ikkje å bli kritisert for bloggen min, eg legg ned mykje sjel i den, og dei som ikkje likar den, kan halde seg unna.
    No skal eg fjerne biletet av meg sjølv, blir så lei av trynet mitt no eg er blitt så flittig å debattere med møringane...

    SvarSlett
  5. Eg synest det er koseleg å sjå "trynet" ditt, eg! Og når det gjeld sjangeren "julebrev", trur eg vi som sit midt i tidsklemma og kanskje får ein bunke med slike brev, har eit anna forhold til det enn eldre, fjernare slektningar som verken les bloggar eller har så mange barn og barnebarn. Eigentleg er det koseleg med slike brev, men det kan, som for såvidt bloggar også kan, bli mykje idyll og lite interessant for omverda. E er heilt einig med Elin i at vi bloggar om det vi vil, og så får folk scrolle og la vere å lese dersom dei ikkje er interesserte.

    SvarSlett
  6. Når det gjeld bilde, har eg og tenkt å ha det, men først må eg til frisør........

    SvarSlett
  7. Eg les stort sett berre bloggane til dei eg kjenner. Er ikkje så interessert i "nye venner".Eg synest det er kjekt når eg sjølv har eit innlegg som vekker interesse hos andre, men skriv stort sett om det eg sjølv er oppteken av. Det eg irriterer meg litt over er at det er så mange som eg veit les bloggen min, men aldri gir tilbakemeldigar.

    SvarSlett