mandag 12. januar 2009

Dagens tekst

I den eine norskklassa "mi" hadde vi i dag om å skrive meiningane sine. Læreboka tek mellom anna føre seg debattinnlegg og artiklar, men ordet "blogg" førekjem òg, såvidt. Midt i økta synte eg dei nokre døme på at bloggar ikkje treng handle om dagsaktuelle tema, men like godt kan handle om mote, handarbeidsprodukt og gamle symaskinar. Eg synte dei deretter mitt eige blogginnlegg om dei, frå 13. oktober 2008. Fleire av dei har eller har hatt eigen blogg, og eg håpar dei vil halde fram med det, og at eg får vite om fleire adresser etter kvart.

Norskboka har delt kapitlet om meiningsytring inn i å snakke og å skrive, men vi snakka vidare om andre måtar å ytre meiningar på. Kva med å bere ein fakkel i eit tog, til dømes? Eller å vere den einaste som ikkje gjer Nazi-helsing på ei massemønstring for nazistar? Kva med å løfte ein mulla?

Av og til kan det å teie stille og gjere ingenting vere ei ytring det òg - det veit vi lærarar mykje om. Ein kollega fortalde i dag om ei oppleving frå eiga gymnastid, då elevane ommøblerte klasserommet og sat med ryggen til då læraren kom inn. Dagens elevar gjer ikkje slikt - dei er fantastisk greie og hjelpsame, sjølv når læraren slit med videokanonar og gjenstridige lerret.

Eg har verdas beste jobb!

11 kommentarer:

  1. Dette var eit tankevekkande innlegg.Eg har til no vore varsam med å ytre meiningane mine om politiske spørsmål på bloggen.Kanskje er det litt feigt?Ein ville ikkje fornærme eller såre andre, og så torer ein ikkje å seie si meining.Døme: Eg er sterkt imot at Israel bombar sivile i Gaza-men er eg Hamas-tilhengar av den grunn? Nokre av vennane mine ville meine det.

    SvarSlett
  2. Det er flott at du likar jobben din, for du har ein unik sjanse til å påverke unge menneske.Til dømes kan dei lære kva måtar som er akseptable når det gjeld å vise kva ein meiner, og kva som verkar mot si hensikt.Du kan vel ikkje påtvinge dei noko, men oppmode dei til å "tenke sjæl". Noko som var heilt utenkelig i mi skuletid.

    SvarSlett
  3. Ein gammal klisjé: "man lærer så lenge man har elever". Mykje sant i det. Det skjer noko dagleg på jobben som irriterer, rører eller sjarmerer meg, og det er aldri keisamt. Bortsett frå når ein sit prøvevakt, forresten.

    SvarSlett
  4. For meg har det med tida blitt heilt nødvendig å ha ein stad å skrive meiningar og tankar, og slik er det nok for mange som skriv blogg.

    Eg har forresten lagt merke til at både norskbøker og mediabøker (som eg les på dette skuleåret) inneheld svært lite informasjon om blogging. Dette kan sjølvsagt kome av at bøkene er eldre enn bloggfenomenet, men eg meiner det snart er på tide at bloggen får ein fast stad i lærebøkene. Den er trass alt ein viktig del av kvardagen til mange... I alle fall min kvardag ;)

    SvarSlett
  5. Kristina - eg må tilstå at eg synte elevane bloggen din, fordi den er så fin, og fordi eg veit at mange les den og skriv kommentarar. Viss du får ekstra mange kundar på BikBok framover, kan eg vere medskuldig...

    SvarSlett
  6. Når blogging ikkje har kome med i lærebøkene, KAN det kanskje ha med det å gjere at det er mest jenter/damer som bloggar?

    SvarSlett
  7. I alle fall ikkje lærebokforfattarar...

    SvarSlett
  8. Gjorde du det? Det gjer ingen verdens ting, tvert imot! Det er både kjekt og smigrande å høyre :)

    SvarSlett
  9. Eg trur vi hadde sterkare meiningar enn elevane vår har. Vi var meir interesserte i politikk.
    Eg held også politikk utanfor bloggen, stort sett. Men eg hugsar kva Besta brukte å seie: Ein må vere to for å slåst.
    Men det er nærliggande å ta den svakaste sitt parti.

    SvarSlett
  10. Med to palestinarar i klassen er det ikkje rart at mange i russeklassa mi er opptekne av Gaza. Sjølv har eg ikkje så mykje greie på saka at eg vil fordele skuld mellom land i Midtausten, men det er vel lov å vere motstandar av krigføring på eit prinsipielt grunnlag?

    SvarSlett
  11. Vi pensjonistar har god tid til å følgje med i alle slags debattar, så litt peiling har eg. Dessutan har eg full tillit til Jonas - og ikkje til Siv. Men sjølv om eg kan forstå at både terrorgrupper og nasjonar kan vere frista til å gripe til våpen, blir det aldri "rett" ! Og når vi ser at Israel bombar og drep så mange sivile, gir eg dei det meste av skylda.Det viktigaste er å få slutt på elendigheita,så får dei prøve å få til avtalar etterpå.

    SvarSlett