fredag 26. mars 2010

Bok 11 2010: "Elskeren" av Marguerite Duras

I denne romanen møter vi ein aldrande fransk forfattar som ser attende på ein periode då ho som svært ung jente møtte ein styrtrik kinesar, og dei innleidde eit erotisk forhold som skapte furore i fransk Indokina (Vietnam). Duras var sjølv 70 då ho skreiv denne romanen, og ho voks opp i Indokina, så her er sikkert noko overlapping mellom fiksjon og røyndom. Romanen fekk mykje heider då den kom ut i 1984, men eg er ikkje så overbegeistra. Rett nok er her mykje poetisk språk og ein del livsfilosofi, men eg likar betre at karakterane festar seg og blir levandegjorde. I denne boka vart personane nesten anonyme for meg.

2 kommentarer:

  1. Eg har lese denne romanen både i papir og som lydbok, utan at den gjorde så veldig sterkt inntrykk. Men det er såpass lenge sidan at eg torer ikkje å meine noko om den.

    SvarSlett
  2. Eg las boka på 80-talet, men det er ikkje lenge sidan eg såg filmen. Både boka og filmen har særpreg, men eg forstår at du ikkje er overbegeistra.

    SvarSlett