torsdag 29. april 2010

Gamlas filosofiske: eg jobbar, altså er eg

Denne veka er på mange måtar årets travlaste. 1. mai er ein viktig dato, for då skal leselister og munnlege eksamensoppgåver vere ferdige og klar til å leggast vekk i over ein månad. I tillegg lagar vi heildagsprøveoppgåver - sjølv har eg avvikla ei og skal ha fire i neste veke. Det tek mykje tid å tenkje ut, samarbeide, skrive og kopiere. Det flyt med papir og bøker over heile pulten min, verre enn vanleg, og i bloggande stund har eg 23 dokument som eg driv og finpussar på. Innimellom blir det tid til litt undervisning òg.

Dagens gledelege, midt i alt kaoset, var at teatergruppa i bygda har fått 10 000 kroner i offentleg støtte. Det gav nytt pågangsmot!

2 kommentarer:

  1. Du tek på deg mykje, men håper du får rolegare dagar når alt dette eksamensstyret er over. Ja, det blir vel ikkje før til sommarferien, då.......Såg at det er mange "fridagar" rundt 17.mai og pinse.

    SvarSlett
  2. Gratulerer med tilskotet! Mykje eksamensmas for tida, og mykje som skal rettast ... Men fristane våre går ikkje ut heilt enno.

    SvarSlett