onsdag 23. februar 2011

Fridag i fjøra vol 2



Ungane har vore mykje på fjellet og rent på ski i det siste, og i dag var Storegut sjuk, så vi heldt oss i nærleiken av heimen også av den grunn. Heldigvis er det mogleg å gå fine turar like utanfor huset, og i dag tok vi med oss Nabogut T ned i fjøresteinane. Vi fekk òg selskap av hunden Pelle, som verka overlukkeleg over å få vere med på tur. Ungane og eg mora oss med å kaste kjeppar og snøballar til han.

Om ettermiddagen kvikna Storegut til så han tilbaud seg å passe Minstemann medan vi damene for til Ørsta på ballett. Ja, eg dansa ikkje, men var derimot innom "Besta" og bytta bil - Noten eg kjører rundt i skal på service. Litt shopping vart det òg tid til, før vi kjørte heim og henta Minstemann for å kjøre dei to små på fotballtrening. Sjølv skifta eg til turklede så eg fekk gått meg ein liten tur medan dei trena. Eg kan dessutan legge til at eg retta ein prøvebunke før vi gjekk i fjøra, så i dag har eg verkeleg vore effektiv. No sit eg trygt planta i godstolen og har ikkje tenkt å gjere noko meir fornuftig i dag, faktisk.

2 kommentarer:

  1. Ja, eg var no litt redd i og med at han hadde hatt eit stygt fall i skibakken, og han sov til langt på dag. Eg er sjeldan hysterisk, men er redd for å ta for lett på slikt.

    SvarSlett