torsdag 14. juli 2011

Bok 51 2011: "Hotel Retiro" av Anne Bjørkedal

I fjor haust laga vi ei utstilling på jobb. Nokre av dykk hugsar det kanskje; vi samla lokal litteratur, musikk og film og synte tilreisande på "open dag". Ein av dei lokale forfattarane som eg med skam å melde ikkje har lese, var Anne Bjørkedal. No har eg lese ei bok av henne, men den var vanskeleg å få grep på. I omtalane vert boka rekna som ein spiralroman, der oppklaringa av eit brotsverk ikkje står i sentrum for handlinga, men er utgangspunkt for fleire skildringar, vinklingar og forklaringar. Eg likar ikkje romanar som er så vanskelege at eg føler meg dum, og denne er dessverre ein av dei.

1 kommentar:

  1. Eg har heller ikkje lese noko av Anne, som eg studerte i lag med i to år, og kjenner godt. Ein av grunnane er at ho ikkje er på lydbok, den andre grunnen er at eg har høyrt at bøkene hennar er "vanskelige". Ingen likar å kjenne seg dum.

    SvarSlett