tirsdag 19. juli 2011
Bok 53 2011: "Tordengudens sønn" av Arto Paasilinna
Eg les alt eg kjem over av denne finske forfattaren, for hans heilsprø humor appellerer til meg uansett kva modus eg er i. I denne romanen held dei gamle finske gudane råd fordi dei kjenner seg utkonkurrerte av kristendomen. Sidan den kristne guden har hatt hellet med seg ved å sende sonen sin til jorda, vert løysinga at Tordenguden sender sonen sin til Finland, der han skal bytte identitet med ein vanleg mann og deretter vinne folket over til den opprinnelege religionen. Her er nokre spark til den kristne tradisjonen, men eg trur ikkje boka vil bli opplevd som støytande av nokon. Det meste er truskuldig humor utan nokon djupare botn. Menneskeskildringane er svært fornøyelege, handlinga temmeleg sprø og opplesinga til Erik Hivju er med på å forsterke det gode inntrykket. Likevel er ikkje denne boka favoritten min i forfattarskapen så langt - eg trur eg framleis held ein knapp på "Den senile landmåleren".
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar