16 grader kan knapt reknast som tropevarme, men i dag pakka vi badeklede og eingongsgrill og la i veg til Brundalen. Ungane bada og leika med den av gummibåtane som framleis flyt, vi fekk til slutt fyr på grillen og tok ein enkel pølsemiddag på stranda. Beste som finst, det! I kveldinga skulle Storegut på Harry Potter-kino, så vi var ikkje frykteleg seine heim, men fekk både sola oss og gått tur. No kjem Storegut heim og erklærer at han skal ha overnattingsbesøk på nyerommet, så her blir det nok ein sein kveld...
Vi begynner å føle at det har vore ein fin sommar ...
SvarSlett