lørdag 9. juli 2011

Muletua (253 moh)









Fredag kveld, etter nokre timar i sola, fekk eg brått lyst til å gå ein liten "fjelltur". Turen gjekk til Nerlandsøya, nærare bestemt Kvalsvika. Der går det sti opp til ei lita hytte, der ein kan sjå utover havet og i retning Runde, Nerlandsøya og Stad. Solnedgangen kunne ha vore fantastisk, men det låg mykje dis på havet, og ikkje av den sorten som fargar himmelen raud. Ein lett og fin tur var det uansett.

2 kommentarer:

  1. Eg likar ikkje at du fer og klivrar i fjella åleine, så eg håper du hadde nokon med deg.
    Sikkert ein fin tur.

    SvarSlett
  2. Turen er brukt som seniortur der ute...

    SvarSlett