tirsdag 12. juli 2011

Mæ kapokk


Kryptisk overskrift? Då Minstemann var om lag halvanna år gamal, kom han med denne replikken. Eg hadde mata han med jordbær, for å unngå søl og flekkar, og hadde då sjølvsagt bede han om å gape opp. Når han ville ha meir jordbær, hadde han forstått det slik at delikatessen han fekk servert var "gapopp", eller "kapokk", som det høyrdest ut i hans øyre. Dette mimra vi om i kveld, då vi fann årets første modne markjorbær langs vegen.

Det vart berre ein times kveldstur i dag, for tidlegare på dag har eg vore oppteken med køyring av Storegut (som skulle til tannlegen) plen- og kantklipping. Og lesing i sola. Ungane har styra med sitt både ute og inne - det er såpass kaldt at det ikkje freistar med nokon strandtur enno. Kald vind er det òg, så Brundalen er neppe noko aktuelt turmål før temperaturane stig.

3 kommentarer:

  1. Håper vi finn nok kapokk i åkeren -så vi har til dessert på laurdag.

    SvarSlett
  2. I dag fann vi blåbær, og dei var merkeleg nok både søte og store.

    SvarSlett
  3. Eg var så vidt oppi skogen ein kveld, fann nokre blåbær, men der hadde sikkert vore folk før.

    SvarSlett