onsdag 20. juli 2011

Sunnmøre museum: Borgundgavlen













Eg kan hugse at eg i min barndom var på tur til "Borgundgavlen", som vi kalla museet. I dag tok familien turen dit, og der var verkeleg mykje å sjå og gjere for store og små, både inne og ute. Eg let bileta tale for seg sjølve, men må berre fortelje at dei to små kom gledesstrålande og fortalde at dei hadde funne ein eldgammal CD-spelar...

4 kommentarer:

  1. Fine bilder. Vi har vore i Atlanterhavsparken tidlegare i år i lag med Kristoffer. Neste studieår får vi besøkje Borgundgavlen.

    SvarSlett
  2. Lurte på om den eldgamle CD-spelaren var grammofonen på bildet eller ein frå 90-talet?

    SvarSlett
  3. Lenge sidan eg har vore i Borgundgavlen no, var der på skuletur. Men der er nok kome mykje nytt sidan den gongen.
    Ein slik eldgammal CD-spelar hadde vi i min barndom, den eksisterer nok på Eid enno.

    SvarSlett
  4. Elles er det litt rart når ting som ein hugsar i bruk,"som om det var i går", er blitt museumsgjenstandar!

    SvarSlett