lørdag 16. juli 2011

Til Ørsta for å gjere oss feite, på jordbær, is og kveite




Tidlegare i veka sende Mamma meg ei melding om kva tid det kunne høve med ein ny kveitemiddag. Eg sjekka yr.no og fann ut at sola skulle skine til og med fredag, men at det skulle regne i dag. Der tok yr.no grundig feil, men på ein positiv måte. Vi tok likevel turen til tettbygde strok, kjøpte nokre lette plagg og andre nødvendige saker og fekk deretter servert deilig middag: steikt kveite, jordbær og is. Kokken tykte ikkje vi fekk i oss nok, men det skuldast sikkert at vi har blitt vane med å ete middag i 20-tida no når det har vore sol. Smaken var det i alle fall ikkje noko gale med - tvert imot.

Etter middag sette eg Storegut i arbeid med å vaske bilen, Minstemann sprang ti gonger rundt huset for deretter å kunne setje seg til datamaskina med godt samvit og jentene hadde photo shoot.

1 kommentar:

  1. Vermeldarane må gjerne ta feil om morgondagen også, ja. Det er fint å feriere heime når det er sånn.

    SvarSlett