onsdag 27. juli 2011

Ein dag slik kvardagane pla vere

Sidan vêret skulle bli nokolunde i dag, sette vi nasen mot Brundalen. Gradestokken stogga på 16, men det var litt sol og enda mindre sol, så ungane fekk både bada og sjøsett gummibåten. Grilling av pølser vart det òg, og så gjekk vi heile vegen heim (Barnefaren hadde kjørt oss til vegs ende).

Vel heime braut eg meg over plenklipping såpass det var gjort, og så sette eg meg ned for å slappe av litt. "Mamma, var det ikkje du som skulle lage vaflar" kom det då frå eit lite fjes med bedande, lyseblått blikk. Vi sette til livs ein gigantisk stabel, og denne gongen var dei skikkeleg gode med rømme både i og oppå.

Energinivået mitt har vore på minus siste dagane, og det gjer godt å kunne vere ute og gjere kjekke og nyttige ting igjen. Vi tek kvardagen tilbake.

2 kommentarer:

  1. Det var ein som sa det her at vi kunne vel ha sveler utan å ha besøk. Han er no for så vidt på besøk i sommar. I dag kom sola akkurat då den danske gudstenesta starta. det tok eg som eit teikn.

    SvarSlett
  2. Det har vore så populært med dikt i det siste. I dag kom eg på ei strofe av Arnulf Øverland, som eg følte passa(for meg i alle fall):

    Ingen kan resten av tiden
    stå ved en grav og klage.
    Døgnet har mange timer
    året har mange dage.

    Eg synest ikkje det høver å skrive det på FB-det høver ikkje i alle
    sin situasjon.

    SvarSlett