søndag 10. juli 2011

Bok 50 2011: "Bokens folk" av Geraldine Brooks

Ei eksisterande jødisk bok, den såkalla Sarajevo-haggadáen, er utgangspunkt for denne romanen. Forfattaren har blanda saman fakta, kunnskap og fantasi på ein underhaldande måte. Undervegs i den spennande oppklaringa av korleis boka vart til og korleis den overlevde mellom anna inkvisisjon og nazisme, får vi lære mykje om både religion og historie. Eg likte denne boka svært godt, og tenkte at den ville ha eigna seg godt for filmatisering.

3 kommentarer:

  1. Det er en nydelig bok - jeg ga den terningkast 5 og det har den ærlig fortjent :-)

    SvarSlett
  2. Kor mage sider er den på. kanskje eg kan lese ei papirbok til ein forandring?

    SvarSlett
  3. Litt over 400, men dei er relativt lettlesne.

    SvarSlett