lørdag 2. juli 2011

Brundalen laurdag: Peaceful easy feeling

Då skodda endeleg letta, etter ei miserabel veke, steig både energinivået og humøret. Dei to yngste og eg sette av garde for å nyte dagen og sola i Brundalen. Barnefaren kjørte oss og hunden Bau opp til enden av skogsvegen, slik at vi skulle kunne gå nedatt etter ein sløv dag i strandkanten på Brundalsvatnet. Ingen stadar kan roa senkje seg slik som når ein sit i ein strandstol og høyrer sauebjellene klinge. Vi hadde berre med diverse kjeks som niste, sidan middagen måtte vente til vi kom heim til Eldstejenta. Då var det dessutan tid for plenklipping, og snart kakebaking òg. Eg skal prøve ut ei ny oppskrift i høve morgondagen.



3 kommentarer:

  1. Det er dessverre ikkje meldt så fint ver til i morgon ...

    SvarSlett
  2. Men det skal bli kjempevarmt utover i veka- utan sol?
    Nydelig å komme seg ut i naturen, eg kom meg ikkje lenger enn ut på altanen i dag, men det kjem vel nye sjansar?

    SvarSlett
  3. Fin tur å gå i dalen, berre om lag tjue minutt kvar veg. Skogsvegen heim tok nesten ein time, men det var nesten berre nedoverbakke.

    SvarSlett