mandag 30. januar 2012

Mot lysare tider



I dag droppa eg rett og slett TRENinga og for på shopping i staden. Storegut og Barnefaren vart med som konsulentar. Til Storegut sitt framtidige rom kjøpte vi ein uplightlampe med "lesearm" i krom og kvitt glas, i tillegg til ein lampett i same fargane. Vi vart einige om at vi skal vente og sjå kva for lampar han treng i tillegg før vi kjøper meir. I gangen oppe var der opprinneleg to messinglampettar med grøn skjerm, men det vart litt feil med dei nye veggene. Eg vil vere fri til å kunne henge opp både messing- og sølvrammer der, derfor satsar eg på svarte detaljar og altså lampar i imitert smijern. Det blir ein del svart i huset, som de kanskje har fått med dykk, men vi skal greie å unngå dyster stemning dersom nokon fryktar det. Berre vent!

I kveldinga vart dørstokkmila nesten uoverkomeleg - men berre nesten. Sidan eg hadde eit ærend på Folkestad, gjekk eg like godt tur ut gamlevegen til Krumsvikneset. Der er fint å gå, og det er passeleg langt, men der er frykteleg glatt for tida. Det var sjølvsagt berre derfor eg gjekk i staden for å jogge...

1 kommentar:

  1. Ja, lampar er litt av eit kapittel. Mitt beste råd er å ta seg tid-det er gjerne etter at ein har flytta inn ein ser behovet. Fint det de har kjøpt så langt.

    SvarSlett