søndag 1. januar 2012

Tider skal komme

Nyttår er ofte ei tid for ettertanke. Etter nokre slike kveldar i eit liv, er det lett å tenkje attende på tider som har "henrulla". Mange gonger har ein stått og sett på fyrverkeriet saman med familie og vener og drøymt draumar om framtida, men det har òg vore vonde tider då orda "godt nytt år" har vore vanskeleg å ta til seg.

Den store snakkisen på årets nyttårsfeiring var sjølvsagt orkan og mangel på straum, noko som har sett sitt preg på den vesle bygda. Mange har opplevd dette som den verste jula nokosinne, med mas og kaos i staden for mat og kos.

Eg har mange planar og håp for det nye året, noko som kjem til å syne att på bloggen utover vinteren. Vi skal nemleg til å skape oss ein ny heim, med alt det inneber av oppussing og møblering. Interessa mi for interiør har vore svært laber dei siste åra, men kan no ta heilt overhand.

Noko anna som skal skje i 2012, er at Storegut skal døypast og konfirmerast, delta på UKM med bandet og reise på aktiv fredsreise saman med klassa (og faren). Eldstejenta skal vere russ i vår, og så må ho velje veg vidare i livet. Det er store milepælar i liva deira, og ein kan berre håpe på at det blir positive minne for livet.

Alt ein kan gjere når det gjeld framtida, er å håpe på det beste. 2011 vart eit dramatisk år på utruleg mange måtar, og sånn sett er det godt å legge det bak seg. Dei gode minna frå året har på ein måte drukna i alt det vonde, med 22. juli som den absolutt verste dagen for oss her i landet. Utover våren vil det bli mykje fokus på mannen bak ugjerningane, og ein får berre håpe at dette ikkje blir ei samanhengande vond tid for dei pårørande, men at dei får kvardagen sin attende.

For det er i kvardagen vi trivst best - det ser vi når den daglege donten vert teken frå oss og vi saknar den meir enn vi trudde var mogleg.

Godt nytt år!



4 kommentarer:

  1. Det var så koselig å sjå Amanda i jakka som eg i si tid strikka til deg. Det var den? Fine bilde du tok.

    SvarSlett
  2. Det var den, ja, og Ingeborg tok bileta. Eg planlegg å kjøpe meg eit nytt kamera. Det skal få namnet "Dagmar"...

    SvarSlett
  3. Eg bruker ei av maskinene til ungane. Mi eiga maskin skal leverast inn på jobb - dei kyndige datafolka der får sikkert stell på sakene. Sidan ungane har to maskiner, ventar eg med å kjøpe meg ei privat "heimemaskin". Kamera freistar meir, så no ventar eg på eit klekkeleg erstatningsbeløp frå Tussa...

    SvarSlett