søndag 8. juli 2012

Bok 38 2012: "Nådens omkrets" av Jørgen Brekke

Brekke debuterte som krimforfattar i 2011, og i år kom bok nummer 2 i det som ser ut til å bli ein ny krimserie om ein fast etterforskar.

Innhaldet skal eg ikkje røpe for mykje av, men eg kan seie at det til tider er ganske grotesk. Karakterane er godt skildra, så ein held dei godt frå kvarandre, og historia vekslar mellom fjern fortid og notid.

Eg likte romanen lenge, men som i så mange bøker før synest eg spenninga forsvinn tidleg, og at boka dermed kollapsar i ei pratete avrunding som ikkje står i stil med det makabre innhaldet.

Etter det eg har lese i ettertid, er årets roman, "Drømmeløs", skriven i same stil, med ei historie frå fjern fortid som utgangspunkt. Eg likte denne romanen såpass godt at eg kjem til å lese den neste òg.

1 kommentar:

  1. Denne har eg liggande som neste bok på MP3-spelaren min, om eg nokon gong kjem gjennom "Gull" som eg prøver å lese. Er komen til CD 3......etter minst like mange dagar.

    SvarSlett