fredag 13. juli 2012

Glimt frå hagen

 Tanta og onkelen min hadde med ein nydeleg, rosa Hortensia i blå krukke då dei kom på besøk hit i går. Hagen er rimeleg fargelaus for tida, så denne kvikka veldig opp!



 Frå Ørsta og Hareid kom nokre staude-røter. I dag hjalp dei to store ungane meg med å rydde nesten halve bedet i bakhagen. Vi fjerna plast, mose, gras og ugras, og i tillegg klipte eg vekk nokre små tre og bregner som skugga for bedet. Det ser ikkje så imponerande ut, men det var ein del arbeid, og staudene blir fine når dei reiser seg att. No ligg dei litt i spagat.


Denne vesle blå var så nydeleg i krukka si at han førebels vart ståande der. Ein fantastisk farge, og så vakker attåt den terracottafargen! Eg veit ikkje kva blomen heiter, men den kom frå Ørsta.


2 kommentarer:

  1. Trur det er storknebb. I Sverige var dei rosa.

    SvarSlett
  2. Ja, det stemmer det - ein foredla hagevariant av markblomen.

    SvarSlett