fredag 12. oktober 2012

Bok 68 2012: "Dagbok" av Tomas Espedal

Då eg fekk anbefalt forfattaren for ei tid sidan, var det dei nyare bøkene det var snakk om. Denne vesle boka er frå 2004, og den er ei poetisk og sår bok som handlar om å miste nokon. I forma utviklar kapitla seg frå korte, diktaktige avsnitt, til lengre og meir samanhengande tekstar. På same måte kjem forteljaren seg gjennom ein sorgprosess gjennom å skrive.

Sjølv om boka ikkje har mykje tekst i form av trykte bokstavar, er det ein stor tekst som krev tid og ettertanke. Eg likte den svært godt.

2 kommentarer:

  1. Denne boka fekk eg lyst å lese.Sjølv om. Den skulle vere på papir.

    SvarSlett