onsdag 24. oktober 2012

På tampen av hausten










Vekas fri-onsdag vert brukt til skulearbeid, men det vart sjølvsagt høve til ein lang tur. I natt regna og bles det, så det har minka dramatisk på haustfargane på trea. Nysnøen har kome eit stykke ned i fjella, men etter det eg har høyrt, vil den snart kome heilt ned.

Då ungane mine var mindre, pla vi gå i skogen og sjå på lauvet som dalte i vinden. Det lysegule ospelauvet vart til gullpengar som regna frå himmelen, og det var om å gjere å fange flest mogleg.

3 kommentarer:

  1. Eg testar ut den andre linsa mi, 55 - 200mm. Lite eigna til landskapsbilete, men kjekk til nærbilete.

    SvarSlett
  2. Bilda dine er fine. Det vesle kameraet mitt egnar seg best i solskin og klart ver. Har lyst å kjøpe meg eit skikkelig kamera med tid og stunder. Her er det framleis godt med lauv på trea, men på Rjåneset var ospa nokså naken.

    SvarSlett