fredag 12. oktober 2012

Fredag på Heida

Dagens tur starta så tidleg at sola knapt hadde kome ned frå fjelltoppane. Det låg is på bilrutene, og det vart derfor til at eg gjekk på føtene heilt heimanfrå og opp på fjellet Heida, som ikkje akkurat er nokon imponerande fjelltopp, men der ein kan nyte utsikt i mange retningar og den fantastiske haustsola vi har fått nyte denne ferien. Eg trur forresten eg har brukt orda "nydeleg" og "fantastisk" fleire gonger denne veka enn hittil i år.

I løpet av turen vart det flate batteri både på discman og skritt-teljar, men kameraet fungerte heldigvis godt. Når eg ikkje har med ungar eller hund på tur, og ikkje får høyre lydbok eller telje skritt, kan eg i alle fall ta nokre bilete som eit slags synleg resultat.







Eg møtte ei hyggeleg bygdedame langs vegen her ein dag, og ho sa at ho likar så godt å sjå på bileta mine. No veit eg ikkje om ho les bloggen, ser på heimesida til bygda eller ser på facebook, for eg legg ut bilete i aust og vest. Uansett var det veldig kjekt med ei tilbakemelding - eg vart både glad og litt rørt. No har eg ein grunn til til å gå på tur og ta bilete: eg kan ikkje skuffe fansen!

6 kommentarer:

  1. Flotte bilde! Eg har lyst å kjøpe meg kamera og lære litt om fotografering.det spørs om tida strekk til- til alt som eg har lyst til.merkar meg at folk tek mykje bilde i fineveret, men egentlig kan det vere like spennande å ta bilde i styggever. Eg har forresten lyst å lære meir om bildebehandling også.du skulle vel hatt vinterdekk på bilen snart? nils

    SvarSlett
  2. Nils har lagt vinterdekk på vår bil i dag. Litt trøbbel med iPaden.

    SvarSlett
  3. Kjekt med bloggen din! Lyt lage ein link frå heimesida -

    SvarSlett
  4. Eg har fått på vinterdekk, Pappa. Ja, det kan du godt, Annita :)

    SvarSlett